Foreningen for By og Bygd går over styr: Det femte juleshowet
Foreningen for By og Bygd
“Det blir gjesteartistar, opplesing og sjølvsagt våre beste monsterhits. Velkomen.”
Lørdag 13.desember kl 20:00
Cornerteateret
Spenn på deg dine beste adventsboots og linedance deg ned til Cornerteateret. Vi lovar opne hjarte, open skjorteknapp og open bar.
Foreningen for By og Bygd speler nynorsk country. Det er litt skeivt, litt streit, litt omsett og oftast sjølvskrive. Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte være hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i.
Vokalist Jens Kihl skriver i Bergens Tidende og har skrive boka "Dette er også Noreg" om å vitje alle kommunane i heile Noreg.
Helene Nilsen (song og gitar) er ei slags ukrona country-dronning frå Askøy i tillegg til å vere forskar på universitetet.
Endre Aasebø (gitarar og song) hadde ein periode sitt eige radioprogram, Kirketid, på NRK P3, og speler også i hundre andre band.
May Frida Bosch (trommer) kjem frå den rette sida av fjorden i Masfjorden og har delteke i Pokerfjes på TV2, der ho stakk av med tusenvis av kroner. May har vore ein del av musikkscena i Bergen i lang tid.
Hardangers eigen Lars Korff Lofthus speler kontrabass og korar. Han har spelt folkemusikk, kyrkjemusikk, rock, viser og pop, men hadde ikkje sett for seg å hamne i eit nynorsk countryband.
Gled deg til ein julekonsert som både er nynorsk, americanisert, skeiv, litt anstendig og litt flørtete på ein gong. Og det kjem sjølvsagt overraskande kjendisgjester. Velkomen!
Plateaktuelle: Foreningen for By og Bygd: Vegen gløymer ikkje deg
Etter sju år med konsertar opp og ned langs vestlandskysten og ut og inn av fjordarmane, er Foreningen for By og Bygd endeleg klar med si fyrste plate. Bandet har med sin lyttevenlege country på nynorsk blitt ein publikumsfavoritt vestpå, og no er det på tide å vise resten av landet kva som rører seg i countryhovudstaden Bergen.
Songane på “Vegen gløymer ikkje deg” fortel om kvardagsliv og kjærleiksliv, om ferjer og fjordar, om usynlege menn og om svært synlege kvinner. Det er ti eigne songar og to gjendiktingar på plata. Dolly Parton er berre éi av mange legender som har sunge “Silver Dagger”. No finst songen på norsk og har fått tittelen “Børsa”.
Namnet “Foreningen for By og Bygd” har bandet henta frå den fyrste homoorganiseringa i Noreg. Med denne hyllesten til pionerane i Noreg utforskar bandet korleis ein veldig streit og kjønsstereotyp sjanger som country blir når ein vender opp og ned på kva som er det sjølvsagte. Naturlegvis kan countryen famne om to menn på ein vestlandsk fraktbåt med mykje usagt seg imellom.
Medlemene Jens Kihl (vokal), Helene Nilsen (vokal og akustisk gitar), Endre Aasebø (vokal og el-gitar), Lars Korff Lofthus (vokal og kontrabass/el-bass) og May Frida Bosch (slagverk) har lang fartstid frå musikk, kunst, skriving og scene, og bruker bakgrunnen sin både i tekst og framføring.