Tilbake til alle arrangementer
Lørdag 6. juni 2026
Urpremiere på Festspillene!
NATTFOLKET
KUNSTNERISK TEAM
MEDVIRKENDE
Musikere fra Bergen Filharmoniske Orkester
Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.
NATTFOLKET
Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.
Lørdag 6. juni 2026
Søndag 7. juni 2026
Kl. 15:00
Mandag 8. juni 2026
Tirsdag 9. juni 2026
Kl. 18:00
Varighet: 75 min
Pris: kr 110 – kr 450 (ledsager gratis)
Kongesalen, Cornerteateret
ORDFØRAREN OG INVESTORANE VIL HOGGE NED DEN GAMLE EIKESKOGEN FOR Å BYGGJA HYTTER. UNGDOMMANE CIRIL OG NOAH TEK OPP KAMPEN FOR Å REDDA SKOGEN OG ALLE SOM BUR DER.
Urpremiere på Festspillene!
Nattfolket er ein humoristisk og leiken opera som blandar ei rekkje stilartar og referansar både frå operahistoria – som Mozarts Tryllefløyten og Bizets Carmen – i tillegg til kjende norske barnesongar, popmusikk, samtidsmusikk og rytmiske sprell. Historia er alvorleg og humoristisk på same tid – det er rett og slett ein fugleopera som talar naturen si sak.
Bygda Indre Kluredal er delt i to: Det lokale sentrumet med rådhus, og ein gammal eikeskog der Nattfolket – nokre fugleaktige, menneskeliknande vesen – lever i eit slags magisk univers. Alle i Nattfolket elskar å syngja og å herma etter lyd. Dei er sky og likar ting frå gamle dagar. Få veit at dei finst.
Ordføraren i Indre Kluredal, skogeigaren Kjell, kjem i konflikt med Nattfolket. Dei vil miste livet sitt dersom eikeskogen vert flathogd for å gje plass til det nye hyttefeltet og naturparken Kjell vil byggje. Den einaste motkrafta Nattfolket har, er at dei har ei heks som kan ta songstemma frå folk, slik at livet vert trist for menneska.
Noah og Ciril må henta hjelp frå sjølvaste dronninga i hovudstaden. Og ho er klar som eit egg til å bidra – ho vil vera ei folkedronning!
Nattfolket er ein eventyrleg familieopera for alle frå 8 år og oppover. Operaen handlar enkelt sagt om avskoging og behovet for å ta vare på naturen – ei velkjend tematikk i dagens Noreg - samstundeshandlar den også om gleda ved det å synga!
NATTFOLKET
Har du ei stemme - så syng!
Knut Vaage / Musikk Bjørn Sortland / Libretto
KUNSTNERISK TEAM
Ingar Bergby / Dirigent
Erik Ulfsby / Regissør
Belinda Braza / Koreograf
Vasylyna Kharchevka/ Scenograf
Ingrid Nylander / Kostymedesignar
Torkel Skjærven / Lysdesignar
Thorolf Thuestad / Lyddesigner Håkon Matti Skrede / Kormester
Ingeborg Ekeland / Kormester barnekor
Lillian Bikset / Dramaturg
MEDVIRKENDE
Maia Reppe / Noah
Eldrid Gorset / Ciril
Håvard Stensvold / Kjell
Siv Oda Hagerupsen / Gunn, Cyrewen
Ivi Karnezi / Dronning Bibbi Jeanette
Eirik del Barco Soleglad / Hytteinvestor
Tormod Løvold / Hytteinvestor
Jonas Fuglevik Urstad / Herold
Musikere fra Bergen Filharmoniske Orkester
Edvard Grieg Vokalensemble
Sangere fra Edvard Grieg Jentekor
Sangere fra Edvard Grieg Guttekor
Synges på norsk, tekstes på norsk
Varigheit 75 minutter, utan pause
Urpremiere lørdag 6. juni 2026 kl. 15
Spelast også 7. juni kl 15, 8. og 9. juni kl. 18
Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.
Framsyninga er gjort mogleg med generøs støtte frå Stiftelsen Abraham Odfjell.
Illustrasjon av Lukas Hauge Klemsdal
Forrige
Forrige
8. juni
NATTFOLKET (Ein eventyrleg familieopera for alle frå 8 år og oppover!
Neste
Neste
11. juni

